|
NY Kontormaskinforhandlar i Hardanger !!
|

|
TOSHIBA kopimaskiner i HARDANGER Net Service AS har sidan oppstarten i 1992 vore ei av dei leiande verksemdene i Data og IT-bransjen i Kvam og nærliggande kommunar i Hardanger. Vår hovudverksemd har vore retta mot næringslivet med datatenester og sal av PC, programvare, server og data-nettverk.
Som ei naturleg utvikling av tenestene som Net Service AS tilbyr, har vi teke eit steg vidare og tilbyr no sal og service av Toshiba kopi- og multifunksjonsmaskiner. |

|

|
Moderne kopimaskiner kan tilby mykje meir enn kopiering Dei tradisjonelle kopimaskinene blir no skifta ut med maskiner som i tillegg til å vera kopimaskiner, kan knytast opp mot pc og nettverk som høgkapasitets skrivar og med innebygde løysingar for m.a. telefaks, skannar, e-post og dokumentlagring. Toshiba har i sitt produktutval kopiløysingar frå enkle kopibehov til avanserte modellar for storbrukarar
Toshiba har utvikla nye og framtidsretta modellseriar som på mange teknologiområde ligg framfor konkurrentane. Toshiba har til no mangla ein forhandlar i Hardanger-regionen, og vi ser fram til å kunna presentera dette merket for kundane våre.
|
|
Service og brukarstøtte Vi kan tilby lokal og effektiv service på våre produkt gjennom John Kristian Rykkje og Stig Jarle Bu. John Kristian vart tilsett i firmaet i august, og er eit velkjent andlet innan sal og service på kopimaskiner i Hardanger. John Kristian har 17 års teknisk erfaring med kopi maskiner og kontormaskiner generelt.
|

|

|
Leasing og serviceavtale I mange høve løner det seg å inngå ein leigeavtale på kopimaskin. Dette gjer at ein unngår verditap og kapitalkostnadar på kopimaskina, samstundes som ein har full bruksrett til moderne utstyr i leigeperioden. Saman med eigen serviceavtale er du som kunde sikra faste, låge kostnadar pr. kopi og eitt problemfritt eigarskap! |
|
|
|